Ligg an til å vinne i Portugal
Det regjerande Sosialistpartiet (PS) ligg an til å vinne parlamentsvalet i Portugal.
Det viser tre valdagsmålingar som blei offentleggjort då vallokala stengde søndag kveld. Ifølgje målingane vil PS få mellom 37,5 og 42,5 prosent av røystene.
Hovudutfordraren, sentrum-høgrepartiet (PSD), ligg an til å mellom 26,7 og 35 prosent, skriv Reuters.
(NTB)