Hopp til innhold

Lettar på innreiserestriksjonar

Frå midnatt 26. juli opnar regjeringa for at endå fleire kan få reise inn i Noreg. Dette gjeld blant anna familiemedlemmer til norske borgarar i utlandet som vil dra på besøk til Noreg, oppgir regjeringa i ei pressemelding.

Reglane trer i kraft frå midnatt 26. juli, og gjeld for følgande grupper:

1. Mindreårige barn som reiser saman med foreldre som har EU-koronasertifikat.

2. Utlendingar som er ektefelle/registrert partnar/sambuar, mindreårige eller vaksne barn og stebarn til norske borgarar, når familien bur saman i utlandet, og dei reiser på besøk til Noreg saman med den norske borgaren, eller sluttar seg til denne i Noreg.

3. Utlendingar som er ektefelle/registrert partnar/sambuar, mindreårige eller vaksne barn og stebarn til arbeidsreisande EØS-borgarar som ikkje er busett i Noreg, når dei reiser til Noreg saman med EØS-borgaren, eller sluttar seg til denne i Noreg.

4. EØS-borgarar som skal besøke eit nært familiemedlem busett i Noreg eller reise saman med eit norsk familiemedlem.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no