Hopp til innhold

Jenta i Halden funnen

Ei to år gamal jente hadde forlate ei adresse i Tistedal i Halden kommune. Jenta er no funnen, melder Øst politidistrikt klokka 20.51.

– Då er jenta funnen i skogsterrenget eit stykke unna bustad. Er i god form og no saman med familien sin. Det var ein engasjert bebuar som fann ho, skriv politiet.

Politiet var på staden og bidrog med å leite. Politiet oppmoda folk til å ringe naudtelefonen om dei møtte på jenta. Ho har blondt hår, var iført ein kvit body og gjekk berrbeint.

Politiet sette inn ekstra ressursar i leitinga. Mellom anna er politihelikopteret rekvirert, opplyste dei. Frivillige blei også henta inn for å bidra til søket.

– Det er ein del busetnadar i området, men også skog og bratte skrentar, skriv Øst politidistrikt.

Politiet melde først om hendinga klokka 19.54.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no