Langar ut mot Sør-Korea

Kim Yo-jong, som er søstera til Nord-Koreas leiar, langar ut mot Sør-Koreas president, Moon Jae-in, etter at begge landa har testa rakettar onsdag.

Sør-Koreas president kalla Nord-Koreas oppskyting for ein provokasjon.

Kim Yo-jong kritiserer nabolandet for å framstille sine handlingar som fredslege, medan dei nordkoreanske handlingane trugar freden.

Sør-Korea skaut onsdag opp ei rakett frå ein ubåt, få timar etter at Nord-Korea hadde skote to langtrekkande rakettar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no