Lang kø på E136 i Romsdalen

På grunn av uver og stort snøfall er det lang kø og fleire timars ventetid på E136 ved Bjorli på strekninga Dombås–Åndalsnes. NRKs reporter Egil Ording fortel at han har venta i over to timar. Ifølgje Vegvesenet er årsaka at vegen er sperra ved Verma der det har vore ei ulukke og bilberging pågår.

Lang kø og snø på E136 ved Bjorli
Foto: Egil Eide Ording / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no