La Palma katastrofeområde

Regjeringa i Spania har erklært La Palma som katastrofeområde etter vulkanutbrotet på øya, melder Reuters.

Det utløyser også naudhjelp til øya. Den første hjelpepakken omfattar 10,5 millionar euro, som blant anna skal gå til bygging av hus, kjøp av møblar og inventar.

Rundt 600 hus er øydelagde i utbrotet, som starta 19. september.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no