Politiet gjør undersøkelser på to åsted i Molde onsdag formiddag
Foto: Roar Strøm / NRK

Kvinne drept i Molde

Oppsummert

24 år gamle Helen Luel Asefaw vart funnen død i Molde 24. november. Ein tenåringsgut vart og livstruande skadd, men er i betring. Ein mann i 20-åra er sikta for drap og grov kroppsskade.

  • Uvisst om skadd 17-åring kan bli avhøyrt

    17-åringen som blei alvorleg skadd i samband med drapssaka i Molde, er framleis ikkje formelt avhøyrt. Det skriv Rbnett.no. Politiinspektør Anders Skorpen-Trøen seier dei håper å få avhøyrt han, men veit ikkje om eller når det eventelt går. – Det viktigaste er helsesituasjonen hans, seier Skropen-Trøen til avisa. Ein mann i 20-åra er sikta i saka.

    Politisperring på åstedet for drapet i Molde.
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Blir varetektsfengsla i fire nye veker

    Mannen som er sikta for drapet på ei kvinne i Molde skal sitte varetektsfengsla i fire nye veker, det har Møre og Romsdal tingrett bestemt. Retten meiner det ei moglegheit at vedkommande kan øydelegge bevis om han slepp ut av fengsel. I tillegg får mannen utvida brev- og besøksforbodet i to veker med omsyn til etterforskinga.

  • Sikta mann avhøres på nytt

    Den sikta mannen etter Molde-drapet avhøres på nytt onsdag. Helen Luel Asefaw ble drept i Molde natt til 24. november og en tenåringsgutt ligger fortsatt på Molde sykehus etter voldshendelsen. – Avhøret vil fortsette utover dagen og politiet vurderer om det er grunnlag for videre varetektsfengsling og om vi skal be retten om det, og om restriksjoner under varetekt, sier politiinspektør Anders Skorpen-Trøen.

    Politiet har bedt publikum om videomateriale fra overvåkingskamera i området, og nå har de gjennomgått alt videomateriale etter drapet.
    – Informasjonen har gitt konkrete bidrag til etterforskningen. Hva det er, kan jeg av hensyn til etterforskningen ikke gå inn på, sier Skorpen-Trøen.

  • Nye avhøyr på måndag

    Politiet held framleis på med å gjennomgå materialet dei har fått inn i samband med etterforskinga av eit drap og ei valdshending i Molde førre veke. – Det er mykje ein skal gå gjennom, så det vil ta tid, seier politiinspektør Yngve Skovly.

    På måndag vil det også bli gjennomført nye avhøyr av den sikta mannen i 20-åra. Det er endå usikkert når guten i tenåra, som blei skadd i valdshendinga, kan bli avhøyrt. Han ligg framleis innlagd ved St. Olavs hospital i Trondheim. Helsetilstanden til guten vil avgjere når han kan bli avhøyrt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no