Hopp til innhold

Kvart milliard i minus for Hurtigruten

Hurtigruten fekk eit negativt resultat før skatt på 25,9 millionar euro, som svarar til rundt 268 millionar kroner, i tredje kvartal, melder E24.

Selskapet hadde ein omsetnad i tredje kvartal på 195 millionar euro, mot 49 millionar euro i same periode i fjor.

Hurtigruten seier dei ser fram til 2023 fordi bestillingane no er i ferd med å strøyme inn, skriv nettavisa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no