Hopp til innhold

Kunnskapsministeren er glad lærarstreiken er over

– Eg er veldig glad for at elevane no kan koma tilbake til skulen. Streik har store konsekvensar for liva til born og unge både med tanke på at dei rammene skulen gjev forsvinn, og når opplæringstilbodet ikkje er det, det skal vera.

– Kva vil de gjera med læringa som har gått tapt?

– Det er kommunane som har ansvar for elevane både før, under og etter ein streik. Det er skuleeigarane og skulane som no må vurdera kva for nokre behov det er for å eventuelt ta igjen tapt læring rundt om kring.

–Når skal elevane tilbake på skulen?

– No er streiken formelt over og så trur eg tipset til alle er å følgja med på beskjedar frå sin eigen skule om når dei kan møta opp att til ein vanleg kvardag der det har vore streik.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no