skilleStemmer fra arkivetskilleLitteraturquizskille_slutt
litteratur_lesekunst_forfattere_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kultur > Lesekunst > Forfattere Sist oppdatert 11:11
Ansvarlig for sidene:
Tom Egil Hverven

 

Richard, Jean-Pierre

Frå omlag midten av 1950-talet nådde moderniteten også den franskspråklege litteraturvitskapen, og la grunnen for eit "nykritisk" oppgjer mot tradisjonell akademisk litteraturhistorie.

Publisert 21.08.2002 11:29.
I dette oppgjeret var det ikkje berre dei lingvistisk inspirerte semiologane som var på banen. Minst like stor rolle spela den gruppa av nærlesande kritikarar som gjekk under namnet "tematisk kritikk". Dei kom like gjerne frå det fransktalande Sveits (Jean Starobinski) og frå Belgia (Georges Poulet) som frå Frankrike.

Eit anna trekk ved fleire av dei var at dei arbeidde ved universitet utanfor det fransktalande Europa, og at dei henta sine viktigaste impulsar frå filosofisk hald, særleg frå nykantianisme, fenomenologi og eksistensfilosofi. Fleire av dei lærde også mykje av den særeigne franske vitskapshistorikaren og fantasiteoretikaren Gaston Bachelard, som på 1940-talet vigde seg til eit storstila og bandsterkt studium av den materielle fantasien, dvs. kva slags bilete og biletkompleks som fødes når det menneskelege medvitet fantaserer over dei fire grunnelementa eld, luft, vatn og jord. Seinare skreiv Bachelard ei lita handfull meir eksplisitt fenomenologiske essay om det poetiske "drømmeriet" (la rêverie poétique).

Påverknad

Ein av dei som vart sterkast prega av Bachelards verk, er Jean-Pierre Richard (f. 1922). I likskap med sin eldre kollega Georges Poulet, som han også var påverka av, arbeidde Richard lange periodar som universitetslærar utanfor Frankrike, nærmare bestemt i London og Madrid. Først etter at Paris-universitetet vart reorganisert som eit resultat av studentopprøret i 1968, vende han tilbake til heimlandet som professor i Paris.

Verk

Richard ga ut si første samling litteraturkritiske studiar i 1954 under tittelen Littérature et sensation. Året etter følgde ei tilsvarande samling, Poésie et prodondeur, og i 1961 den store doktoravhandlinga L'univers imaginaire de Mallarmé. Så kom utetter i 1960- og 70-åra ei rekke bøker om moderne franske poetar, om Chateaubriand, om eit knippe franske romantikarar, og om Proust. To bøker frå 1979 og 1984 som har titlane Microlectures og Pages paysages. Microlectures II, markerer på vesentlege punkt endringar i Richards kritiske prosjekt. Endringane gjeld både arbeidsstil (frå totaliserande gjennomgang av heile forfattarskap til "nærlesing" av enkeltmotiv og enkelttekstar) og teoretisk perspektiv (frå "strukturell fenomenologi" til meir psykoanalytisk inspirert tekstanalyse).

I løpet av 90-åra har Richard vore mindre aktiv, men essaysamlinga L'état des choses (1990), som omhandlar åtte franske samtidsforfattarar, markerer ei vending tilbake til den tidlegare interessa for dei strukturar og sensibilitetar som karakteriserer individuelle forfattarskap. Den seinaste boka hans har tittelen Essais de critique buissonnière (1999). Allusjonen til det særeigne franske uttrykket for å "skulke skolen" ("faire l'école buissonnière") understrekar ikkje berre at det er ein akademikar utan plikter som vandrar gjennom litteraturen; den understrekar også Richards permanente interesse for det sensorielt kompliserte, "krattskogaktige", ved det litterære språket. Diverre er ingen av Richards bøker omsette til engelsk eller skandinaviske språk.

Særtrekk

Titlane på Richards tre første bøker antyder visse særtrekk ved posisjonen hans som litteraturanalytikar. Littérature et sensation seier noko om dei relasjonane mellom medvit, skrift og verden han er ute etter å fange inn: relasjonar som blir etablerte på det mest elementære, før-refleksive nivået i medvitets møte med verden, - "den reine sansingas nivå, den ubearbeidde kjenslas nivå, nivået der biletet er i ferd med å fødest". Poésie et profondeur gir til kjenne at Richards lesingar er dybdelesingar som søker under det umiddelbare meiningsnivået i tekstane, mot meir fundamentale betydningssamanhengar. Men tittelen signalerer også at den poetiske skrifta må oppfattast som ein strategi for å fylle den mangelen eller avgrunnen som ordet "profondeur" (dybde) samstundes viser til. Og for det tredje antyder L'univers imaginaire de Mallarmé den totaliserande og strukturelle tilnærmingsmåten som karakteriserer alle Richards essays og avhandlingar fram til dei to binda med "mikrolesingar": Det gjeld å fange inn og systematisere fantasistrukturane i ein forfattars totale Verk (Oeuvre), arkitekturen og dynamikken i forfattarens imaginære univers.


av Atle Kittang


 
Forfattere
Verker
Teorier
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no