Hopp til innhold

Kritiserer valet i Russland

Både Storbritannia og USA kritiserer valet som blei heldt i Russland.

Storbritannia kallar det «eit seriøst tilbakesteg for demokratisk fridom», og seier tiltaka rundt valet er i strid med dei internasjonale forpliktingane som Russland har inngått. Dei viser mellom anna til at landet skal ha sensurert sjølvstendige medium og ekskludert viktige opposisjonskandidatar frå å delta i valet.

USA meiner Russland har hindra folk i å utøve sine borgarlege plikter. Valet enda med overlegen siger til Putins parti, Foreinte Russland, som fekk nesten halvparten av alle stemmene.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no