Hopp til innhold

Kringkastingssjefen: NRK har ingen planar om å trekke seg frå Eurovision

Laurdag kveld er det demonstrasjonar utanfor Trondheim Spektrum i samband med finalen i Melodi Grand Prix. Demonstrantane vil rette søkelyset mot det grufulle som skjer i Gaza, og meiner NRK bør trekke seg frå finalen i Eurovision Song Contest dersom Israel skal delta.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen seier ho forstår engasjementet frå demonstrantane, men at NRK ikkje har planar om å trekke seg frå den europeiske songkonkurransen.

– Vår plan er å gjennomføre den nasjonale finalen i dag, og sende vinnaren til den internasjonale finalen i Malmö i mai.

– Vil NRK støtte artistane dersom vinnaren vel å trekke seg på grunn av israelsk deltaking i den internasjonale finalen?

– Artistane må få lov å gjere det dei ønsker å gjere. Men eg har inntrykk av at artistane som er her i kveld, er her for å vinne.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no