Hopp til innhold

Krigen i Ukraina får store konsekvensar for stålmarknaden

Krigen i Ukraina har hatt ein betydeleg innverknad på den europeiske stålmarknaden og fører til store prisstigningar mellom anna på armeringsstål.

– På grunn av den prekære situasjonen har enkelte stålprodusentar mellombels stansa å ta imot nye ordrar, opplyser Norsk Stålforbund.

Russland, Kviterussland og Ukraina er blant Europas store ståleksportørar.

Dei meiner at det å gi forpliktande tilbod til kundar kan setje selskap i fare mellom anna på grunn av lang gjennomføringstid, og at det kan bli store endringar i materialprisane.

Det er òg risiko for at ein ikkje kan overhalde leveringstider for eksisterande bestillingar.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no