Krevjande forhandlingar i Tyskland

Ein av leiarane i partiet Dei Grøne i Tyskland seier at regjeringsforhandlingane med sosialdemokratane og Fridemokratane er krevjande. – Vi har ein lang veg å gå, og det vil bli svært krevjande, seier Robert Habeck, som er leiar for partiet saman med Annalena Baerbock.

Han føyer til at det er ein del konfliktar mellom dei moglege regjeringspartia. Det sosialdemokratiske partiet SPD blei størst i det tyske valet, og mykje tyder på at partileiar Olaf Scholz blir ny statsminister etter Angela Merkel.

Germany Politics
Foto: Steffi Loos / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no