Hopp til innhold

Krev inntektsauke for bønder

Landbruket forventar at den nye regjeringa legg fram ein plan for inntektsopptrapping for landets bønder.

Inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper må tettast, meiner Kjersti Hoff, styreleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Bur ein i Noreg, forventar vi at vi har ein slags inntektsutjamning. At vi kan velje yrke ut frå at det kan vere ei inntekt og arbeidsvilkår som gjer at ein står i det yrket, seier ho til NRK.

Hoff seier dei har vore skuffa over manglande handling frå dei tidlegare regjeringane. No har dei større forventningar, når Senterpartiet kjem i regjering.

– Driv ein med husdyr har ein ansvar døgnet rundt, og det synast eg ikkje blir kompensert for slik det er i dag.

Ap og Sp legg fram sin nye regjeringsplattform klokka 14 i dag.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no