Kraftig jordskjelv i Peru
Eit jordskjelv med styrke på åtte på jordskjelvskalaen råka Peru i formiddag. Det melder det amerikanske jordskjelvsenteret USGS. Det er førebels ikkje meldt om skader, men ein skal også ha merka skjelvet i nabolanda Brasil, Colombia og Ecuador.