Hopp til innhold

Kraftig auke i talet på konkursar

Nye tal frå Experian viser at 2951 aksjeselskap har gått konkurs dei siste tolv månadane. Det er ein auke på over 10 prosent.

Den største auken er i Oslo. Samanlikna med november i fjor har talet på konkursar auka med 82 prosent.

I Rogland er det tilsvarande talet 60 prosent, medan Troms og Finnmark og Nordland har hatt ein reduksjon i talet på konkursar på 50 prosent når vi samanliknar november i år med november i fjor.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no