Politifolk i Sør-Kensington i London.
Foto: Peter Nicholls / Reuters

Køyrde inn på fortau i London

Oppsummert

Fleire menneske er skadde etter at ein bil køyrde inn på fortauet utanfor Historisk museum i London.

  • Bilførar sett fri i London

    Den 47 år gamle mannen som i går køyrde på fleire fotgjengarar på eit fortau i Kensington i London, vart i dag sett fri. Mannen er ikkje sikta, men er framleis under etterforsking, opplyser politiet. Politiet seier at hendinga var ei trafikkulukke.

  • – Påkøyrsel var trafikkulukke

    London-politiet opplyser i kveld at dei ser på det som hende utanfor Naturhistorisk museum i ettermiddag som ei trafikkulukke. 11 menneske vart skadde då ein bil kom inn på fortauet utanfor museet.

  • 11 skadde i London-påkøyrsel

    Ambulansetenesta i London opplyser at 11 menneske vart skadde då dei vart påkøyrde utanfor Naturhistorisk museum i London i ettermiddag. Dei fleste har skadar i hovudet og i beina, heiter det. Ni av dei vart sende til sjukehus.

  • Politiet ser ikkje bort frå terror

    Politiet i London seier dei ikkje ser bort frå terror som motiv for hendinga utanfor Naturhistorisk museum i ettermiddag. – Vi held alle alternativ opne, heiter det. Tidlegare i dadg sa at dei at saka ikkje blir etterforska som terror.

    – Håper det ikke er terror
– Håper det ikke er terror

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no