Hopp til innhold

Koronasertifikat kan kome i mai

Første versjon av eit koronasertifikat kan kome allereie 4. mai, ifølge et notat frå Helsedirektoratet. Det er Helsedirektoratet, FHI, Norsk helsenett og Direktoratet for e-helse som jobbar med dette på oppdrag frå regjeringa. Den første versjonen skal innehalde informasjon om vaksinasjon, resultat av test/prøvesvar og gjennomgått sjukdom (friskmelding), skriv direktoratet. Den endelege versjonen av sertifikatet er planlagt å kome i slutten av juni. Avdelingsdirektør ved FHI, Line Vold, seier dei jobbar langs to hovedakser. – Det eine er den tekniske løysinga. Det andre er korleis man skal bruke det i praksis, og vurderingar rundt det. Vi skriv ut arbeidet i samarbeid med Helsedirektoratet, og så er det opp til regjeringa å fatte ein avgjerd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no