Koronamedisin har lågare effekt

Oppdaterte data frå ein studie på Merks koronamedisin viste at den er mindre effektivt for å redusere sjukehusinnleggingar og dødsfall enn tidlegare rapportert, skriv Reuters.

I oktober sa Merk at medisinen viste ein reduksjon på 50 prosent sjukehusinnleggingar og dødsfall, no seier legemiddelselskapet at medisinen har ein reduksjon på 30 prosent.

Tidlegare denne veka sa Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) at dei vil avgjere om dei skal godkjenne koronamedisinen «i løpet av veker».

Medisinen kan brukast til å behandle vaksne med korona som ikkje treng ekstra oksygen, men som har auka risiko for alvorleg sjukdom.

Virus Outbreak Britain Treatment Merck
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no