Hopp til innhold

Kontroll på gjerningsmann etter knivstikking i Bergen

Politiet har kontroll på ein gjerningsmann i 30-åra etter knivstikkinga på Minde i Bergen.

Kvinna i 30-åra, som vart knivstukken, er sendt til Haukeland sjukehus.

– Det er ikkje snakk om alvorleg skade. Ho har blitt rispa eller fått knivkontakt på ein arm, seier innsatsleiar i politiet, Ole Bjørn Sveen til NRK.

Det har skjedd på ei privat adresse, og det har ikkje vore fare for andre, melder politiet.

Sveen fortel at gjerningspersonen er ein kjenning av fornærma. Begge er også kjenningar av politiet.

Politiet bar våpen under aksjonen.

Innsatsleiar Ole Bjørn Sveen
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no