Kontakt mellom Nord- og Sør-Korea

Leiarane i Nord-Korea og Sør-Korea er samde om å ta opp att den direkte kommunikasjonen og å forbetre banda mellom landa. Nord-Korea kutta alle kommunikasjonskanalar med Sør-Korea i juni i fjor og sprengde også eit kontor for samarbeid med Sør-Korea. Bakgrunnen var at sørkoreanske aktivistar sende løpesetlar med kritikk av den nordkoreanske leiinga over grensa med ballongar.

Leiarane i dei to landa har skrive brev til kvarandre sidan april med mål om å forbetre kontakten, og tysdag morgon var dei igjen i direkte kontakt som eit første steg, opplyser kontoret til den sørkoreanske presidenten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no