Hopp til innhold

Kongresskomité vedtok å offentleggjere Trumps skattemeldingar

Ein komité i Representanthuset har stemt for å offentleggjere skattemeldingane til tidlegare president Donald Trump, skriv Reuters. Det betyr at skattemeldingane frå åra 2016 til 2020 kan bli kjende om kort tid.

Det opplyser Kevin Brady, som er republikanarane sin fremste representant i komiteen, som har demokratisk fleirtal.

Avstemminga i kongresskomiteen var delt langs partilinene, der 24 demokratar stemte for offentleggjering, mens 16 republikanarar stemte mot.

Trump har kjempa imot innsyn i skattetala i fleire år. Då han vart vald til president, braut han med årelang tradisjon som tilsa at presidentar og dei som stiller til val til Det kvite huset, er opne om privatøkonomien sin.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no