Kongeparet vaksinert i dag

Kong Harald (83) og dronning Sonja (83) er vaksinerte mot koronaviruset, opplyser Kongehuset. Svein Gjeruldsen ved Hoffet opplyser at kongeparet er i risikogruppa og at dei er vaksinerte etter råd frå legar og helsestyresmaktene. Prinsesse Astrid (88) er og vaksinert i dag, opplyser Slottet. Dei tre vil få neste vaksine om tre veker.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no