Hopp til innhold

Kong Harald har forlate Rikshospitalet

Hans majestet kong Harald er i dag skriven ut frå Rikshospitalet. Han blei førre veke innlagd for behandling av ein infeksjon.

– Heldigvis går det veldig bra, og han er på veg heim no, seier dronning Sonja til NRK.

Kongen er framleis sjukmeld ut morgondagen, skriv Kongehuset på sine nettsider. Det er enno uvisst om kongen vil delta på på 17. mai som planlagd.

– Det trur eg blir avgjort i morgon. Vi håpar det, seier dronning Sonja.

Kongen har vore innlagd på Rikshospitalet fleire gonger dei siste åra. Sist gong var i desember i fjor, òg då med ein infeksjon.

Kong Harald er fortsatt sykemeldt. Slottet skriver i en pressemelding at det skal vurderes tirsdag om han kan delta i programmet på 17. mai.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no