skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Sunn gløymsel i Spania?

MASSEGRAV: Arbeidarar frå organisasjonen ARMH graver frem ofre frå ein massegrav frå tida då general Franco styrte Spania. (Illustrasjonsfoto: Philippe/Desmazes/AFP/Scanpix)
MASSEGRAV: Arbeidarar frå organisasjonen ARMH graver frem ofre frå ein massegrav frå tida då general Franco styrte Spania. (Illustrasjonsfoto: Philippe/Desmazes/AFP/Scanpix)
Ungfalangistane marsjerer på nytt i Spanias gater. Nyleg heva dei hendene til fascisthelsing for å minne trettiårsdagen for Francos død.

Publisert 10.12.2005 09:26.
SE OGSÅ:
ALT OM:
Av Sigrun Slapgard

På same tid strevar etterlatte etter Francos massakrer med å åpne dei hemmelege gravene. Og når jorda gir sine mange tusen døde tilbake, blir spørsmåla utfordrande:

Var det sunt å legge lokk på det som skjedde under Franco?

Dette er ei historie om ein gløymt bestefar. Eller kanskje snarare:

MINTES GENERAL FRANCO: Høgre-ekstreme demonstrantar bak eit gigantisk spansk flagg frå Franco-tia markerer nasjonaldagen 12. oktober 2005. (Foto: Manu Fernandez/AP/Scanpix)
Ein fortidd bestefar – ein bestefar det aldri måtte snakkast om. Og eit barnebarn som likevel vaks opp med ei uklar kjensle av at nettopp denne nesten hemmelege bestefaren – nettopp han var spesielt og høgt elska.

Det viste blant anna ein gullring og eit armbandsur som bestemora stelte og pussa som om det var familiens mest kostbare skatt. Denne bestefaren var død for to mannsaldrar sidan – og likevel fanst det inga grav å gå til.

På barns forunderlege vis, skjønte barnebarnet at det var visse vonde sider ved bestefarens død som ikkje var ønska samtaletema.

– Slik hadde åra gått, det var som om heile familien visste og ikkje visste på samme tid – lokket var lagt tett over bestefarens korte liv. Da bestemora døde for få år sidan, vart ho lagt åleine i grava si.

Draumen om familie og demokrati

Barnebarnet måtte sjølv bli godt vaksen før han såg nærmare på denne familiegåta.

Han fann fram dei få brikkene i det mystiske puslespelet. Det var for eksempel den vesle samlinga gulna fotos og utklipp som bestemora etterlet seg – saman med gullringen og klokka.

Bilda fortalte om ein ung mann som først hadde prøvd lykka i Amerika i dei harde tjueåra, men som kom heim att og fann kjærleiken.

Bestemora var da 21, bestefaren ti år eldre – ni månader etter bryllaupet kom det første av i alt seks barn - dette var ein familie med stor framtidstru.

Det fortalte også den vesle samlinga avisutklipp og brev.

Så var da også den første demokratiske regjeringa nettopp kome til makta – og bestefaren hadde brukt Amerika-pengane til å starte ei lita forretning og meldt seg inn i det som vart kalla Folkeleg venstreparti.

I fritida las han bøker og prøvde å rette opp manglande utdanning. Han drista seg til og med frampå med eit avisinnlegg.

«Menneska er født like» var tittelen. Kanskje var det nettopp dette innlegget som endra kursen for denne familiens vidare liv.

For ikkje ein gong presten i den vesle landsbyen var enig i eit slikt utsagn. Tvert i mot. Presten ville ikkje ha folk med slikt syn verken i kyrkjelyd eller på kyrkjegard.

Og presten var blant dei som støtta kuppet da det kom. For lykka var nesten like kortvarig som den lovleg valde regjeringa.

Ein morgon kom dei som hadde overtatt styringa med våpen i hand og banka hardt på døra, tok med seg bestefaren, sette han bak lås og slå. Berre minstebarnet fekk kome inn, den gråtande kona vart avvist.

Barnet kom heim med gullringen og klokka som faren hadde tatt av seg da han tok farvel. Dei såg han aldri meir.

Dette var Spania i 1936.

Og slik var ordren til general Mola da han skulle sikre kuppmakaren Franco makta: «Eg gir fullmakt til å drepe dei som hundar, dei som vågar å yppe til strid mot oss».

Sol – og søkelys på andre land

I dag er Spania eit av Europas mest vellykka land – for mange av oss vårt andre fedreland, sollandet – her er velstand og overskot. Overskot til for eksempel å etterforske andre lands forsvunne.

Spania har tatt initiativ til å samle inn bevis og finne ut kva som skjedde med dei forsvunne i land som Chile og Argentina. Ein spansk dommar var sentral i saka mot Pinochet.

Men kva skjedde med denne bestefaren i Leon? Mannen med namnet Emilio Silva?

Det skulle gå over seksti år før barnebarnet med same namn la brikkene i puslespelet endeleg saman:

Han drog tilbake til staden familien hadde flyka frå, staden der bestefaren endte sitt unge liv.

Førti år med Franco-regime og tjue år med stilltiande gløymsel hadde ikkje utradert folks minne. Da Emilio spurte etter landsbyens gravplass for kanskje å finne spor etter bestefaren, svarte ein eldre mann:

Her er fleire begravd utanfor kyrkjegarden.

Slik starta samtala som til slutt førte Emilio til den avisdesliggande staden den eldre Emilio hadde blitt frakta til ein sein nattetime saman med tolv andre den 16. oktober 1936.

Vel vitande om det som skulle skje hadde han bedt om å få vere den første. Emilio Silva ville helst ikkje at det siste synet i livet skulle vere av drepne kameratar. Derfor bad han om den første skotsalva - og fekk den.

Det kunne den åtti år gamle Franscisco Cubero fortelje da han kom stavrande bort til den leitande sønnesønnen.

Franscisco var nemleg den yngre naboen til Emilio som vart tvinga til å grave ned dei tretten – og vart truga til å halde kjeft i alle desse åra.

Nå sat han stille ved grøftekanten mens spadetaka løfta jorda av forbrytelsen. Ansiktet var prega av ei tung bør, i sekstifire år hadde han aldri våga å snakke om denne natta.

Om å treffe eit ømt punkt

Sekstifire år tok det. Og ein gjeng patologar med erfaring frå land som Spania ikkje liker å samanlikne seg med.

«Jorda gir dei døde tilbake» var overskrifta da El Pais skreiv om saka. På nettsidene vart artikkelen snart den mest lesne opp gjennom tidene – over 55.000 klikka seg inn.

Uvitande hadde sønnesønnens jakt på bestefaren sett fingeren på eit ømt punkt hos tusenar av andre spanjolar:

Tusenar som hadde mista sine under Franco-regimet, men aldri hatt ei grav å gå til.

Og mange som hadde tatt risikoen med å markere stadene der massegravene var, gjorde det alltid i løyndom og redsle.

For dette gjaldt dei som tapte krigen. Og det var vinnaren – Franco og hans folk – som bestemte over minnesmerker og æreskyrkjegardar. Som minneverdige døde fanst først og fremst dei Franco-trufaste.

Og etter at Franco døde skulle det enda gå over tjue år.

Overgangsregjeringa og sosialiststyret til Felipe Gonzalez, ingen var villige til å røre ved verkebyllen. Ingen ville provosere dei som sat med privilegia – og særleg ikkje dei militære.

Etter Tejeros kuppforsøk i 1982 vart lokket tetta til igjen:

Borgarkrigens skrekk måtte ikkje opp i dagen. Da dei første massegravene likevel vart åpna på private initiativ – som i Emilio Silvas tilfelle – sa daverande statsminister Aznar:

«Jeg har ingenting å be om unnskyldning for!»

Og trass i at det spanske parlamentet for to år sidan vedtok ei anerkjenning av at det var skjedd overgrep i regi av Franco, er det ennå ingen i det offisielle Spania som har ansvar for å etterforske og avdekke omfanget.

Ikkje ein gong sosialistpartiet PSOE har ønska å finne ut kva som skjedde med sine eigne partifeller – og mange av dei forsvann på illegalt vis.

Felipe Gonzalez har ivra for gløymsel, ein veit ennå ikkje i kor stor grad nåverande statsminister Zapatero vil ære sin avretta bestefar med å få sanninga opp i dagen.

Siste sjanse for å bli hugsa

Men Emilios jakt på bestefaren og andre private intitiativ ser ut til å bli ein snøball som rullar med aukande tyngdekraft. For mange er det siste sjanse nå, for eit endeleg farvel.

Og diskusjonen som blir reist med ny styrke i Spania er om det verkeleg var verdt det – all fortiinga, førte den til ein god plass å vere?

For falangistane som fekk sitte urørt og utan rettsoppgjer – og med akkumulert gods og gull – er svaret opplagt ja.

For han som fekk tilnamnet «501» og ennå lever i beste velgåande i ein småby – han kan prise seg lykkeleg over at han ikkje har namnet Pinochet. Namnet 501 fekk han etter talet på dei han skaut i nabolaget. For telle kunne dei jo, dei fattige bøndene i Spania.

Og for dei unge som veks opp utan å vite?

Når fleire enn på mange år nå går ut i gatene med heva fascisthelsing og synst det er kult å feire Francos minne?

Ungfalangistane i dag kjenner kanskje ikkje general Molas nådelause ordre –eller det forgjengarane gjorde mot småbarnsfedre som Emilio Silva?

Kanskje har dei aldri hørt historia om dei som hamna i Spanias ukjente massegraver? Men dei storslagne Franco-minnesmerka ser dei jo overalt, dei hemmelege massegravene har så langt vore usynlege.

Til nå er over 300 ofre gravd opp frå ukjente graver i Spania, eit forsiktig anslag seier at rundt 30 000 ligg under jorda på samme hemmelege måte.

Kanskje er det eitt av historias mest ironiske paradoks at Spania skulle bli landet som forfølgde Pinochet – meister for så mye død, forsvinning og tortur – når vårt kjære solland og andre fedreland aldri har klart å erkjenne rekkevidda av det Franco fekk utretta av overgrep gjennom førti år.

Ironien blir komplett når vi også hugsar at Pinochet var den einaste statsleiaren som kom til Francos gravferd i 1975.

Den gongen var det ein hemmeleg jubel blant dei som sakna sine, kanskje var tida inne for å få fram dei fortidde ofra.

Men dei vart skuffa. I tretti år til skulle dei vere skuffa. Tida var ikkje inne. Den er framleis ikkje inne – om det ikkje var for barnebarn av Emilios kaliber.

På ei av dei spanske gravene som endeleg har fått stein etter 64 år i gløymsel – står det:

«Døde er vi berre, når de har gløymt oss».

Kjelder:
Emilio Silva y Santiago Macias: Las Fosas de Franco

(NRK)

Siste saker:
Flere saker: ALT OM P2-KOMMENTAREN

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no