skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Ned med sløret

- Jeg kan ikke leve som menneske dersom jeg nå ikke sier sannheten om bruken av skaut. Det seier bystyrepolitikar for Høgre i Oslo, Samira Munir. Ho vil ha forbod mot hijab i barne- og ungdomsskolen.

Publisert 20.02.2004 15:55. Oppdatert 24.02.2004 09:33.
Av Astrid Brekken

Ho får ikkje støtte frå resten av Høgres bystyregruppe.
Dette er den paradoksale situasjonen i diskusjonen om bruk av hijab. Betyr det at norske politikarar set retten til bruk av religiøse symbol i den offentlege skolen høgare enn retten til likestilling?

På feil klode

Kva er så sanninga om bruken av skaut eller hijab? Munir seier til Aftenposten:
At i seinare år har visse grupper pressa hardt på for at hijab skal bli det mest sosialt godtatte.
At unge jenter kjem til henne og ber henne om hjelp: dei vil ikkje gå med skaut, men dei må.
At mange foreldre vil bli letta dersom dei kan vise til eit lovforbod, fordi dei også er under press.
Og ho spør: ”Vi lar jo ikke barna sitte med finlandshetter inne i klasserommet, så hvorfor godtar vi skaut når det ikke er noen plikt i islam å bære dette?”
Ho kjenner seg på feil klode – ho kjem frå Lahore i Pakistan, og det er blitt meir ekstremt i Oslo. Munir har aldri gått med hijab i Lahore, det gjer berre ytterst få.

Døyr og drep for symbol

Engasjementet rundt bruken av hijab viser at dette rører ved mange strenger – i Stockholm opnar denne helga ei stor utstilling: ”Sløjan” – sløret, der blant anna den amerikanske fridomsgudinna opptrer i burka. Og på Deichmanske bibliotek i Oslo starta denne veka utstillinga ”Se meg som jeg er” – der seks muslimske kvinner kjem med sine ulike synspunkt på bruk av hijab.
Symbol er sterke. Vi drep for dei, vi døyr for dei.

Det dreier seg om like rettar

Forbod har ein dårleg klang. Vi tek sterk avstand frå praksis i land som Iran, der kvinner blir straffa for å gå utan hijab eller chador. Vi er eit demokratisk samfunn med religionsfridom.

Det er også Frankrike. Men tidlegare denne månaden vedtok den franske nasjonalforsamlinga med særdeles stort, tverrpolitisk fleirtal å forby religiøse symbol i offentleg skole. Ei lov frå 1905 slår alt fast dette. Men etter at hijaben tok til å dukke opp i skolen på slutten av åttitalet, og fordi islamistane i Frankrike har pressa på for å få legalisert bruken av hijab, er det blitt naudsynt å stadfeste lova. Også i 1905 vekte lova stor debatt og sterke kjensler da statens folk kom og fjerna kristne symbol frå offentlege skolar.
Mange på venstresida i fransk politikk som har muslimske venner og er aktive i antirasistrørsla støttar lovforbodet. Dei har vurdert det lenge, og analysert hijabens religiøse og ikkje minst politiske frammarsj. For mange har det vore ein smertefull prosess å innsjå at eit forbod er riktig: fordi det gjev jentene same rettar som gutane.

Ned med sløret

Det store fleirtalet av muslimske kvinner i vestlege land seier hijaben er eit symbol for undertrykking.
Ei iransk kvinne busett i Frankrike har skrive boka ”Ned med sløret” – ”Bas les voiles” – og seier: ”Kvifor set nokon slør på ei jente? Kvifor skal ho løyne håret og kroppen? Det er fordi ho skal vite at ho er den skuldige: ho kan vekkje mannens seksuelle lyster. All seksuell tilnærming frå menn blir såleis hennar ansvar, heilt frå ho er barn. Når ho frå tidlege år får innprenta tanken om at ho er berre eit seksuelt objekt, tek ein frå henne hennar status som menneske.”

Formørking

Fadela Amara, fødd i Frankrike med algirske foreldre, står i spissen for rørsla ”Verken horer eller underdanige”, og hevdar at det har skjedd ei skeiv utvikling i forholdet mellom unge jenter og gutar sidan 90-talet. At jenter går med korte skjørt og utringa overdelar blir nå oftare oppfatta som provoserande og forkasteleg, og ho ser auken i bruk av hijab som eit symbol på denne ”formørkinga”, som ho kallar utviklinga dei siste åra. Skautet er først og fremst eit maktsymbol, ein reidskap til undertrykking og diskriminering som menn brukar mot kvinner. Tilfeldigvis er det jo ikkje menn som går med slør.

Dobbeltmoralen frisknar til

Ein parallell til dette er bruken av ordet hore som nå blir slengt i ansiktet på jenter alt i barneskolen. Det er eit signal om at det har skjedd ei forsterking av dobbeltmoralen på det seksuelle området. Bruk av hijab i skolen tener til ytterlegare å forsterke denne dobbeltmoralen – da blir det enkelt å dele inn jenter i horer og ærbare/underdanige.

Sløret skader islam

Det finst ulike grunnar til at muslimske unge jenter og kvinner i Vesten går med hijab. Ved sida av at dei lever under sosialt press frå det muslimske samfunnet eller vil markere sin identitet som muslimar, kan det også vera eit signal om at dei tek avstand frå seksualiseringa av det offentlege rommet som vi ser i våre samfunn.Det kan vera eit mottiltak - eller gå mote i - å flykte inn i sløret. Men strategien er ein bomerang. I neste omgang aukar avstanden mellom kjønna, og kvinner plasserer seg som ei kaste for seg.
Under overskrifta ”Sløret skader islam” skriv den kjende arabiske poeten og forfattaren Adonis at dei som insisterer på sløret reduserer islam til yte og form, og at det i denne insisteringa på eit ytre avvik også finst ei teatral og ekshibisjonistisk side, som dårleg går saman med det han ser som sann religiøsitet.

Kven skal vi lytte til?

Velmeinande norske kvinner og menn bagatelliserer bruken av hijab. Men vi som ikkje har skoen på, bør vi ikkje først og fremst lytte til kvinner og menn med muslimsk bakgrunn som arbeider for likestilling? Blant dei er Samira Munir, Lily Bandehy og Hanan Bakir, som har røter i tre land - Pakistan, Iran og Palestina. Dei som kjem med ironiske parallellar om tradisjonen med bruk av skaut og andre hovudplagg i det norske samfunnet – skal vi forby dei? – forstår lite av kva denne debatten dreier seg om.

Tvang og redsle

Lily Bandehy, som nyleg gav ut boka ”Jeg kommer fra Iran”, har her i NRK P2 og i Migrapolis, NRK fjernsyn, sagt at hijab er eit uttrykk for mannens sjalusi og eigedomskjensle, og at vi må forstå at hijab hindrar muslimske jenter fullt ut å delta i leik, sport og dans saman med jamnaldrande.
Den palestinske forfattaren og journalisten Hanan Bakir registrerer frå sin ståstad i innvandrarmiljøet i Norge at eit fleirtal av kvinnene ville ta imot eit forbod mot hijab med glede. Etter hennar oppfatning er kravet om at kvinner skal dekke seg til med hijab ein umoderne og uverdig tradisjon. Dei fleste kvinner i det muslimske miljøet i Norge som brukar hijab, er blitt tvinga til det av mannen, eller gjer det av redsle for å bli mobba ut av miljøet.
Ho kallar det sjølvvald slaveri når kvinner let seg presse av islamistisk misjonering til å gå med hijab. Og ho seier at den norske staten bør vise ansvar for sine barn og innføre lovforbod mot hijab, og dermed bidra til at barna veks opp likestilte på skolen.

Ho får neppe ynsket sitt oppfylt. Men ein må vone at politikarar og meiningsdannarar ikkje bagatelliserer bruken av hijab, og at dei vil støtte muslimske likestillingskrefter gjennom å flagge ei kritisk haldning, slik også fleire har gjort. For hijab er ikkje berre eit skaut. Det er ei reell - og symbolsk - tvangstrøye.


P2-kommentaren, NRK P2, laurdag 21.feb. kl 16:50 og søndag 22.feb. kl 20:20, 2004


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no