skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren:

Kjærleik på børs

Aldri har det vel vore behov for så mykje omsorg som no, og aldri har det vel vore vanskeligare å få det. Kan eit samfunn leve utan offer - utan idealistar og ei tru på noko anna enn pengar? Kan hende må vi heretter kjøpe tilbake mødrene.

Publisert 31.01.2002 19:23.
Av Øystein Rakkenes

I det eg krysser Olav den femtes gate i sentrum av Oslo, blir eg stoppa av eit tog streikande sjukepleiarar. Faklane lyser romantisk gjennom vinter-tåka medan dei streikande syng sin kampsang. Den er gjort på melodien ”Vi lever” – den frå Wenche Myhre – med gjennomgangstema: For livet skal vi slåss – så lenge det går blod igjennom oss.

Med det same tenker eg at dette er jo eit flott tema for sjukepleiarar – ”For livet skal vi sloss” - godt å vite for alle mulege og framtidige pasientar. Men akkurat då oppdagar eg at denne brukspoesien, skriven i si tid av Jan Eggum til Wenche Myhre, er bytta ut med: For lønna skal vi sloss – så lenge det går blod igjennom oss.

Sjølvsagt. Kor naiv går det an å være? Også sjukepleiarane har forstått at den første og siste verdi er pengar. Dei har sikkert lytta på helsepolitikarane som høglydt lanserte nytt slagord: Meir helse for kvar krone.

Det betyr heilt sikkert at stadig færre sjukepleiarar skal mate dei gamle på sjukeheimen mykje meir effektivt enn i fjor. Eg ser for meg bildene av tvangsmating av gjess. Det ser ikkje pent ut – men dei oppnår mykje raskare slaktevekt. Det er god økonomi.

Meir helse for kvar krone betyr kanskje også at deprimerte pasientar no skal trøystast dobbelt så fort? For når vi skal helse-skvise kvar krone - så er det sjølvsagt dei ytre mål som tel – ikkje indre kvalitetar.

I helsevesenet som elles i samfunnet. Er det forresten muleg å fastsette marknadspris på omsorg?

Tilbod og etterspørsel

I det fakkeltoget endrar kurs og styrer rett mot Karl Johan, syng dei streikande ei ny kampsang:

”Nå er det nok – vi går i flokk! Nå vil vi lønnes som fortjent.”

Og her bruker dei melodien til ”Oh, When the Saints come marching in” --- Pussig, fordi sjukepleiarane vil heretter vere alt anna enn helgnar. Mange synast dette er ubehageleg. Fordi marknadsøkonomisk tenking no bit oss alle langt inn i det vi måtte ha av idealistiske tankar og draumar.

Kan eit samfunn leve utan offer? Utan idealistar og ei tru på noko anna enn pengar?

Mødre har tradisjonelt tatt seg av omsorgsposten i heimen – men i det dei forsvann ut blei det eit vakuum. Men heldigvis hadde vi barnehagetanter, småskolelærarar og sjukepleiarar. Tenande ånder som alltid passa på å demme opp for det omsorgsbehovet som forsvann i ein stadig strammare familieøkonomi. Det gjekk bra ei stund.

Men her er det lova om tilbod og etterspørsel delvis har bryte i hop. Aldri har det vel vore behov for så mykje omsorg som no. Einslege forsørgarar, barn utan kontakt med far, gamle som er gløymde på sjukeheimen – alle vil ha omsorg – men ser ikkje ut til å få nok. Fordi dei som skal gje oss denne omsorga meiner at dei får ikkje nok betalt og blir flyvertinner eller IT-konsulentar. Og stat og kommune vil ikkje betale det pleiarane vil ha.

Skansen faller

Dermed er det berre å innrømme at siste skanse har falle – ingen orkar å vere idealistar lengre. I alle fall ikkje sjukepleiarane. Kvifor skal dei stå åleine igjen med idealistisk omsorgsfane?

Kan hende må vi heretter kjøpe tilbake mødrene. Kanskje skal vi igjen ta til å betale for omsorg i heimen – slik at vi held oss friskare – og i det lengste kan unngå å ende på sjukehus?

Eg ser for meg stykkpris på mors heimelagde kjøttkaker, fastpris på klesvask og vareinnkjøp. Ektefeller seg imellom kunne også prise den omsorga dei gjer til kvarandre. Kos framfor fjernsynet hundreogfemti kroner – å lytte til frustrasjonar på jobben tohundreogfemti pr. time.
Og ektesenga kunne heretter – ikkje vere eit elskovsreir – men ein marknadsplass for våkne, medvitne sambuarar og ektepar.

Er det sånn det må bli? Tenkjer eg i det siste fakkelen er borte bak Stortinget.

For når omsorg er ei vare vi stadig må betale meir for, så kan vel også kjærleiken være det? Eller?


Av Øystein Rakkenes
NRK P2,lørdag 26. januar 2002
Bearbeidet for nett av Mie Sundberg


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no