Styrkjar tryggleiken før toppmøte
Frankrike mobiliserer nær 11.000 politifolk i samband med klimatoppmøtet i Paris, som startar dryge to veker etter at byen blei hardt råka av terror. 8000 av desse skal jobba med grensekontroll, resten skal sørgja for tryggleiken på sjølve møtet, ifølgje innanriksministeren.