Hopp til innhold

Klimasamtalar i London

Klima- og miljøministrar frå over 50 land møtest i London i dag og i morgon for å planleggje det store klimatoppmøtet, COP26, i Glasgow i november. Målet er å bli samde om eit utkast til resultat frå klimatoppmøtet. Dette er det første fysiske ministermøtet av denne typen på over 1,5 år. Noreg og Singapore har tidlegare fått i oppdrag å leie arbeidet med å få framdrift i forhandlingane om ein viktig del av regelverket for Parisavtalen. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) skal blant anna følgje opp dette arbeidet under samtalane i London.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no