Klimaprotestar i Tyskland

Ifølge arrangørane deltok 600.000 menneske fredag på store klimademonstrasjonar over heile Tyskland. Framfor Riksdagsbygningen i Berlin var Greta Thunberg ein av talarane, to dagar før det tyske valet.

Også fleire andre stader i verda var det klimademonstrasjonar fredag. Det var over 1800 protestar i nesten hundre land, ifølge arrangørane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no