Hopp til innhold

Kinesisk fly truleg styrta med vilje

Flyet frå China Eastern som styrta i ei fjellside i Kina i mars, vart truleg styrta med vilje av nokon om bord, trur amerikanske etterforskarar. – Flyet gjorde som det vart bede om av nokon i cockpiten, seier ei kjelde med kjennskap til etterforskinga til Wall Street Journal.

Dataa viser at nokon om bord, piloten eller nokon som hadde trengd seg inn i cockpiten, styrte flyet i eit stup frå 9000 meter. Flygeleiarane prøvde å få kontakt med flyet, men utan å lykkast.

Både kinesiske etterforskarar og flyprodusenten Boeing har ifølgje kjeldene til avisa ikkje funne feil ved flyet eller andre bevis for at flystyrten vart forårsaka av teknisk svikt.

Boeing 737-800-flyet frå China Eastern var på veg frå Kunming til Guangzhou då det styrta i ei åsside 21. mars. Alle 132 om bord omkom i ulykka. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no