Kina skal undersøka spionballongen
Kinesiske myndigheiter seier fredag at dei arbeider med å verifisera dei meldingane om spionballongen over USA og Canada. USA meiner ballongen er kinesisk, noko det kinesiske utanriksdepartementet nå seier at dei vil undersøka nærmare, melder nyheitsbyrået AFP.
– Me håper begge sider kan handtera saka roleg og forsiktig, sa talsperson for det kinesiske utanriksdepartementet Mao Ning.