Hopp til innhold

Kina åtvarar Nato

Nato bør slutte å hausse opp den såkalla Kina-trusselen. Det seier ein talsperson for Kina sin delegasjon til EU.

Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg sa i går at Kina si støtte til Russland forlengar krigen i Ukraina.

No slår Kina tilbake, og ber Nato heller gjere meir for å bidra til verdsfred og stabilitet, melder AFP.

Kina har ikkje fordømd Russland sin invasjon i Ukraina. Sidan har samarbeidet mellom Moskva og Beijing auka.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no