Hopp til innhold

Kenya: Kommenterer demonstrasjonene for fyrste gong

Presidenten i Kenya, William Ruto uttala sundag at han er klar for å snakke med dei unge demonstrantane som har demonstrert i heile landet den siste veka, melder nyheitsbyrået AFP.

– Eg er veldig stolt av våre unge. Dei har gått fredeleg fram og eg vil fortelje dei at vi kjem til å engasjere dei.

Det er fyrste gong presidenten kommenterer protestane.

– Vi skal snakke om det, slik at vi saman kan bygge ein større nasjon, sa han vidare.

Sjølv om Ruto omtaler protestane som fredelege, har rettferdskjemparar rapportert om to dødsfall etter demonstrasjonane i Nairobi torsdag.

Ein 21 år gammal mann døydde etter at han vart treft av ein tåregassbehaldar. Ein 26 år gammal mann døydde etter at han vart skoten av politiet under ein demonstrasjon og dødsfallet vert etterforska.

Unge kenyanarar protesterer mot regjeringsplanen om å auke skatten på mange daglegvareprodukt, mellom anna bind og brød.

Regjeringa planlegg å samle inn 2,7 milliardar dollar i tilleggsskattar for å redusere statsgjelda i landet.

Demonstrantane har oppfordra til ein nasjonal streik 25. juni.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no