Kåre Willoch er død

Den tidlegare statsministeren sovna stille inn heime på Ullern i Oslo i dag. Han vart 93 år gammal.

– Det er med stor sorg Høgre i dag tok i mot den triste beskjeden om Kåre Willochs bortgang. Våre tankar går no først og fremst til Anne-Marie, barna, barnebarna og resten av hans nærmaste, seier Erna Solberg i ei pressemelding frå Høgre.

Vidare seier ho at Willoch er ein av etterkrigstidenes aller største politikarar. Han prega Høgre og han prega Noreg heilt frå 1960-talet og til det siste.

Willoch bli heidra med ei gravferd på staten si rekning, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no