Kan vere ti gongar så mange døde

Det har truleg vore ti gongar fleire koronadødsfall i India enn det som er registrert, ifølge ein ny studie.

Det er registrert 414.000 koronadødsfall i India, men rapporten anslår at det var vore mellom 3 og 4,7 millionar koronadødsfall i landet mellom januar 2020 og juni 2021.

Forskarane bak rapporten har mellom anna vurdert blodtestar som viser utbreiing av smitte og samanlikna det med dødsratar globalt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no