Kan vera lite nytte av massetesting

Massetesting for koronavirus på skulane har lite nytte, dersom det er lite smitte i området. Det understreker Helsedirektoratet til NTB. Mellom anna har Viken og Rogaland varsla massetesting for å halde skulane opne.

–Dersom mange spør etter testutstyr må me prioritera blant dei som treng det mest, seier fagdirektør Svein Lie.

Helsedirektoratet reknar med å ha sin rettleiar for massetesting på skular og universitet klår onsdag. Der blir det lagt opp til at elevar i område med høgt smittetrykk bør bli testa 1-2 gonger i veka. Testane blir frivillige, og elevane skal utføra testen sjølv.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no