Hopp til innhold

Kan måtte stanse skipstrafikk i elva Rhinen

Tørken i Europa har ført til såpass låg vasstand i elva Rhinen at enkelte skip har måtte stanse godstrafikken. Det melder nyheitsbyrået AP og fleire andre internasjonale medium.

Djupna i elva ved byen Frankfurt er spådd til å falle til 40 centimeter på fredag. På dette nivået er ikkje lekterar i stand til å segle.

Vasstanden kan også falle ytterlegare over helga.

Elva Rhinen er ei viktig trafikkåre for kol og drivstoff mellom Tyskland, Nederland og Sveits.

Det tyske transportdepartementet ser no etter moglegheiter for å få forsyningar over frå skip til jernbane.

Som transportårer bidrar elver og kanalar på det europeiske kontinentet for i underkant av 800 milliardar kroner for økonomien i regionen, skriv finansavisa Bloomberg.

Den låge vasstanden i elver og kanalar er venta å dra ned økonomien i regionen.

Lav vannstand i Rhinen i august 2022
Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no