Hopp til innhold

Kan endre vaksinestrategi

Folkehelseinstituttet leverer eit innspel til Helse- og omsorgsdepartementet om endring av vaksinestrategien, skriv Dagbladet.

– Vi leverer eit innspel til departementet om geografisk skeivfordeling i dag. Det blir offentleg når departementet har teke ei avgjerd, seier overlege Preben Aavitsland i FHI i til avisa.

Fleire kommunar, blant dei Oslo, har bede om at kommunar med høgst smittetrykk skal få fleire vaksinedosar enn dei med lågt smittetrykk.

Aavitsland seier dei har sett nærare på korleis ei slik fordeling vil påverke koronasituasjonen i Noreg.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no