Kampane held fram i Afghanistan

Kampar mellom Taliban og regjeringsstyrkane i Afghanistan heldt fram søndag i Helmand-provinsen sør i landet.

Kampane raste i utkanten av Lashkar Gah, provinshovudstaden i Helmand, etter at ei tre dagar lang våpenkvile som Taliban tok initiativet til i samband med id, var ferdig søndag.

– Kampane starta tidleg i dag, sa talsperson Attaullah Afghan for provinsmyndigheitene i Helmand til AFP.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no