Hopp til innhold

Kallar Willoch ein heidersmann

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland kallar sin tidlegare politiske rival Kåre Willoch ein heidersmann.

– Ein sentral politisk leiar i vårt land er gått bort. Kåre Willoch sette sterkt preg på sin samtid i mange tiår, som statsråd og partileiar, før han vant valet og etterfølgde mine første 9 månader som statsminister i 1981, seier Brundtland i ei utsegn måndag.

Dei to var sentrale personar i norsk politikk gjennom 1980-talet, og Brundtland minnast korleis dei var i både samarbeid og strid.

– Eg har aldri vore i tvil om kvalitetane og dei sterke leiareigenskapane som prega min fremste politiske motstandar gjennom delar av 70 og 80 talet, seier ho.

Brundtland seier ho vil heidre og husge Willoch som ein heidersmann, og med takk og stor respekt.

– Arne Olav og eg sender i dag våre tankar til Anne Marie og den nære familien, avsluttar den tidlegare Ap-leiaren.

HISTORISKEBILDER. Willoch pg Brundtland
Foto: Henrik Laurvik / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no