Utrykning til Frysja i Oslo
Foto: Kirsti Honningsøy / NRK

Kabelferje kantra i Oslo

Oppsummert

Ei kabelferje kantra i Brekkedammen på Frysja i Oslo søndag ettermiddag. Både born og vaksne hamna i vatnet, men ingen vart skadde.

  • 19 personar henta opp av vatnet

    Ingen vart skadde då ei kabelferje kantra med både born og vaksne om bord søndag ettermiddag. Ferja frakta folk over dammen, i samband med eit speidararrangement. Totalt 19 personar vart hjelpte opp av vatnet.

  • Ingen personar funne i vatnet

    – Vatnet er no søkt igjennom av dykkarar, og dei har ikkje funne nokon, melder politiet i Oslo på Twitter. Ei kabelferje med mange personar om bord kantra i Brekkedammen i Oslo, og mange hamna i vatnet. Hendinga skal no etterforskast av politiet.

    Laster Twitter-innhold
  • – Ferja vippa berre meir og meir

    – Ferja var stappfull av folk, fortel Espen Eggen til NRK. Då vi gjekk ut frå ferjeleiet byrja den å vippe. Folk forsøkte å få den til å slutte men det vart berre verre, seier Eggen som var på ferja med sonen sin på 10 år.

    NRK-journalist Espen Eggen ble kastet i vannet da fergen gikk rundt.
  • Små born på ferja som kantra

    Kabelferja var full av folk då den byrja å få slagside, fortel NRK-journalist Ingerid Stenvold som var på staden då kabelferja kantra. – Det var folk i alle aldrar, det yngste bornet var berre nokre få år, seier Stenvold.

NRK-journalist Espen Eggen ble kastet i vannet da fergen gikk rundt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no