Jordras tok garasje i Trøndelag
Eit jordras har tatt med seg ei garasje i Kolvereid i Trøndelag, melder politiet. Raset har stansa i ein husvegg og flytta på garasjen. Det er usikkert kor stort raset er. Brannvesenet er på staden. Det er gult farenivå for jordras i Trøndelag.