Johnson besøkte Leigh-on-Sea

Den britiske statsministeren Boris Johnson besøkte laurdag kyrkja i Leigh-on-Sea der parlamentsmedlemmen og partifellen David Amess blei drepen, melder Reuters.

Også innanriksminister Priti Patel, speaker i Underhuset Lindsay Hoyle og leiaren for opposisjonspartiet Labour, Keir Starmer, var til stades og la ned blomar på åstaden.

Politiet seier dei etterforskar knivangrepet som terror.

Ein 25 år gammal mann er sikta for drapet.

Statsminister Boris Johnson, 
Keir Starmer (t. v.) og Lindsay Hoyle,
Foto: Alberto Pezzali / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no