Hopp til innhold

Jimmy Carter støttar Harris

USAs tidlegare president Jimmy Carter fyller 100 år 1. oktober, og er landets lengstlevande president.

Carter er alvorleg sjuk, og har budd på pleieheim sidan februar i fjor. Men no er målet å leve lenge nok til å kunne stemme i presidentvalet 5. november, melder AFP.

– No prøver eg berre å klare meg lenge nok til at eg kan stemme på Kamala Harris, skal Carter ha sagt til sonen Chip, ifølge barnebarnet Jason Carter, som har snakka med avisa Atlanta Journal-Constitution.

Ifølge avisa kan veljarane i Georgia førehandsstemme frå 15. oktober.

Carter var president i USA frå 1977 til 1981.

Jimmy Carter
Foto: David Goldman / AP/NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no