Jay-Z mest Grammy-nominert

Rapparen Jay-Z blir historias mest Grammy-nominerte artist gjennom tidene, melder Variety.

Han er no nominert totalt 83 gongar. Tidlegare var det uavgjort mellom han og produsent Quincy Jones, som begge hadde 80 nominasjonar. Jay-Z har vunne 23 Grammy-prisar.

Jazzmusikar Jon Batiste, som komponerte musikken til Disney-filmen «Sjel», leiar i år med totalt elleve nominasjonar til det mange meiner er verdas mest gjeve musikkpris.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no