Hopp til innhold

Japan opnar døra på gløtt for turistar

For første gong på to år slepp Japan nokre få turistar inn i landet. Ei prøveordning skal samla informasjon om korleis ein kan opna for vanleg turisme igjen.

Det gjeld turistar frå Australia, Singapore, Thailand eller USA. Dei må også vera trippelvaksinerte mot korona, og reisene skal vera planlagde i samarbeide mellom det japanske turistbyrået og reisebyrået til turistane.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no