Hopp til innhold

Jaktar væpna tenåring

  • Svensk politi tok 16-åring

    Svensk politi klarte tysdag kveld å ta den 16-år gamle guten som stakk av i ein stolen bil tidlegare på dagen. Store politistyrkar har jakta på guten, og politiet frykta han hadde med seg ei hagle. Han vert køyrt til arresten i Østersund.

    Laster Twitter-innhold
  • Svensk politi leiar aksjon

    Det er svensk politi som no leiar aksjonen for å finne den 16-år gamle guten politiet mistenker har våpen. Dei har funne bilen i Sverige, og grensa til Norge er stengd. Guten stal ein audi tysdag føremiddag, og har sidan vore jakta på av politiet.

    Laster Twitter-innhold
  • Stenger grenseovergang i jakt

    Politiet stenger eit felt på E14 i retning Åre ved svenskegrensa på grunn av biljakt. Dei har sidan tysdag føremiddag jakta ein 16-åring som truleg har våpen. Politiet har kontroll på bilen, men ikkje guten.

  • 16-åring i Sverige etter biljakt

    Den stolne Audien som politiet i Trøndelag har jakta på, er observert i Sverige. Sjåføren, ein 16 år gammal gut, skal ha våpen. Store politistyrkar med pansra bilar, våpen og verneutstyr har heile tysdag arbeidd med å finne guten. No samarbeider dei med svensk politi i saka.

    Laster Twitter-innhold
  • Tre fylke jaktar 16-åring

    Politiet i tre fylke jaktar den truleg væpna 16-år gamle ungguten som stal ein bil i Meråker tysdag føremiddag. Bilen, ein blå Audi stasjonsvogn, har registreringsnummer BR83435, og politiet ber om tips i saka. Men oppmodar folk om å ikkje ta kontakt med 16-åringen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no