Hopp til innhold

Jakob Ingebrigtsen: – Alle kan bli gode i det dei vil

I eit intervju med NRK i natt seier medaljevinnar Jakob Ingebrigtsen at det er kjekt å dela augneblinken med laget rundt.

Også sleggjekastar Eivind Henriksen tok medalje i München torsdag kveld.

Henrik Ingebrigtsen, bror til Jakob, tok sjølv EM-medalje for ti år sidan.

– Det var veldig inspirerande. Det får augo opp for det norske folk, og eg skjønte det var mogleg å bli best. Ikkje berre i EM, men etter kvart i VM og OL også, seier veslebror Jakob.

– Det er også det ein ynskjer å oppnå med norsk rekruttering, at alle kan bli gode i det dei vil. Det er berre å jobba hardt, og setja seg mål og «gunna» på, legg han til.

Eivind Henriksen og Jakob Ingebrigtsen
Foto: Ksenia Novikova / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no